Eit kvitt dryss på føremiddagen laga ei flott ramme rundt juletrefesten i Ikjefjord 2.juledag. Det letta heldigvis opp så brøytemannskapet også fekk seg ein velfortjent pause innandørs.

Det var nærmare 90 frammøtte i alderen 0 til 92 år, det må seiast å vere svært bra i ei bygd med litt under 80 fastbuande.

jultregang

På juletrefesten er det ei avslappa og koseleg stemning. Både bygdefolk og tilreisande får treffest og ungane finn nye venner å leike med. Med til festen høyrer andakt med prest Andreas Ester, gang om juletreet, ei matøkt og litt lett underhaldning frå dei som har lyst til å bidra.

nissen

Til slutt kom heldigvis nissen i år og!

Takk til alle som kom! Snakkast neste år!