17.mai i Ikjefjord byr på Brekke skulemusikk, Brekke Mannskor, sjølvaste Per Hillern, eit bugnande koldtbord og ei koseleg stund!
Vi møtast ved Grendahuset kl. 10:30 og går saman til gravplassen. Kl. 11:00 kjem Brekke skulemusikkorps og spelar oss tilbake til Grendahuset.
På programmet står:
• Brekke mannskor
• Tale for dagen ved Per Hilleren
• Middag (koldtbord), og seinare kaffi og kaker
• Sal av brus, is og mylse
• Leik og moro på plassen
• Rebusløp og tippekonkurranse
• Loddsal med trekking av smakfulle gevinstar
Billettar: Vaksne kr 250, born 7-15 år kr 100
Vel møtt!