Bu i Ikjefjorden
Informasjon om ledige hus, offentlege tilbod, lokal aktivitet og fritidsaktivitetar
Bustad til leige
Kontakt Ikjefjord bygdelag
Bustadtomter til sals
Kommunale, flotte tomter med nydeleg utsikt til sals! Kontakt Synne Vefring i Høyanger kommune >>
Offentlege tenester
Skule, barnehage, helse, kultur
Bjordal barnehage
Nyoppussa barnehage med 36 plassar. Nyleg utvida til to avdelingar. Flotte uteområde. Samlokalisert med Bjordal skule.
Bjordal skule
Bjordal skule for 1-10 klasse. Eit trygt og godt oppvekstmiljø. Skulevegen er ca 35 minutt med buss kvar veg.
Legekontor
Mån.: Brekke legekontor (Gulen) – 57 78 10 90
Tys.: Søreide legekontor – 57 71 44 95
Mån. og tors..: Lavik legekontor – 57 71 44 95
Legevakt på Førde sentralsjukehus: 116 117
Ikjefjord bibliotek
Biblioteket er ein viktig møteplass i bygda. Det ligg i Grendahuset og er ope kvar torsdag 16.30-18.30.
Offentlege kontor
Du finn det mange offentlege/kommunale kontor osv i kommunesenteret Høyanger.
Andre bygdesenter
Avstand til ulike butikkar og tenester
Brekke
- To matbutikkar
- Post i butikk
- Elektrobutikk
- Bensinstasjon
- Frisør
- Hotell
- Legekontor
Bjordal
- Matbutikk
- Bensinstasjon
- Post i butikk
- Kafé
- Legekontor på Søreide
Haugsvær
- Matbutikk
- Post i butikk
- Bensinstasjon
- Bilverkstad
- Kafé
Lavik
- Matbutikk
- Bensinstasjon
- Gåvebutikk
- Kafé
- Hotell
- Post i butikk
- Frisør
Fritid
Ei lita oppsummering av ulike fritidsaktivitetar liten og stor kan ta del i
Fotball
Brekke/Masfjord fotball trenar i Brekke. Fleire aldersbestemte lag som er med i serien i Nordhordland.
Trening
Barnetrening i Bjordal for ulike klassetrinn
Vaksentrening i nye styrkerom
Elles kan du så klart springe/symje/sykle/trene så masse du vil i naturen!
4H
Firkløveren 4H for barn og ungdom 10-19 år i Ikjefjord og på Oppedal. Sosialt og lærerikt.
Skyting
Vi har to skyttarlag med både innandørs- og utandørs bane tilgjengeleg. Begge har aktive skyttarar og opplegg for både gammal og ung. Vel det laget som passar deg best.
Jakt
Det er svært gode tilhøve for spesielt hjortejakt. I fjella er det og noko rypejakt.
Friluftsliv
Turar i skog og mark. Hausting av bær og sopp. Her er truløypene i fjellet heilt i nærleiken.
Båt/fiske
Dette er turistane sin største fritidssyssel. Fjorden ligg her forlokkande og blank. Og visst kan du få fisk her eller ta deg turen ut på Sognefjorden for større saker.
Granden
Det er gode moglegheiter for aktivitet i nærmiljøanlegget på Granden. Her er Sandvolleyballbane, Fotballbane, Bordtennisbord og badestrand.
Kva har du lyst til?
Elles kan du så klart drive med eit uttal av aktivitetar som ikkje er organisert av andre. Eller kanskje kan du få andre med på akkurat den aktiviteten du skulle ønske var tilgjengeleg?