På Granden er det for tida to hytter under bygging. Det er kjekt med aktivitet i bygda og mange både transportørar og handverkarar som er innom før prosjekta er ferdigstilt.

Arnhild og Eirik si hytte er i innspurten innvendig og nærmar seg innflytting. Frå denne får dei flott utsikt over heile fjorden.

 

Hyttebygging

Oddvar si utleigehytte er ferdig utvendig med god hjelp av Tømrar Terje (t.v.).